Denne rapporten er frå dei første kontrollerte utprøvingane på dyr av NoFence elektroniske gjerdesystem, prototype1, utvikla av Oscar Hovde Berntsen. NoFence er eit elektronisk gjerdesystem som skal fungere som eit usynleg gjerde ved at dyra får ei korrigering ved kryssing av ei satt grense. Grensa blir satt ved bruk av GPS-signal. Når dyra nærmar seg den usynlege grensa vil dei få eit lydsignal som varsel, som aukar i styrke proporsjonalt med kalkulert avstand frå grensa, før dei til slutt vil få eit straumstøyt om dei ikkje snur. NoFence-prototype1 vart prøvd ut på seks villsauer, seks geiter og tre fjordårslam av rase Norsk kvit og krysning spæl/trøndersau, i løpet av beitesesongen 2010 og 2011. Utprøvinga viste at både sau og geit kan lære systemet med... |