Sabiia Seb
PortuguêsEspañolEnglish
Embrapa
        Busca avançada

Botão Atualizar


Botão Atualizar

Registro completo
Provedor de dados:  Organic Eprints
País:  Germany
Título:  Bærekraftig verdiskaping i verdsarvområde
Autores:  Sørheim, Kristin
Barstad, Johan
Bergslid, Ildri (Rose) Kristine
Fet, Annik Magerholm
Flø, Bjørn Egil
Lande, Unni Støbet
Solemdal, Liv
Steinshamn, Håvard
Velle, Liv Guri
Data:  2019-07-12
Ano:  2019
Palavras-chave:  Farm economics
Farming Systems
Social aspects
Biodiversity and ecosystem services
Resumo:  Lokal verdiskaping basert på utmarka i verdsarvområda Vestlandsk fjordlandskap kan ikkje sjåast isolert, men er tett knytt til heile samfunnsutviklinga på desse stadene. Det tradisjonelle landbruket i desse områda har skapt verdfulle naturgode som biologisk mangfald, opne turområde med høg rekreasjonsverdi, turstiar og anna. Fleire av desse naturgoda er viktige for reiselivsnæringa. Kulturlandskapet er også viktig for verdsarvstatusen i seg sjølv, ettersom dette er ein viktig del av kjerneverdiane til området (OUV). Utviklinga i landbruket gjer at tungdrivne areal også i verdsarvområda går ut av bruk. Opphøyr eller låg bruksintensitet går spesielt ut over utmarksressursane og dei seminaturlege naturtypane. Utmarka i Geirangerfjordområdet er særleg trua, da tradisjonell bruk med beiting, slått og hausting no i stor grad har teke slutt, og naturtypane gror att med buskar og kratt. Gjengroing fører til tap av variasjon, artar og økologiske funksjonar. Intensivering av landbruket vil også forringe naturverdiane og landskapskvalitetane. For at landbruket ikkje berre skal vere eit «kulisselandbruk», men vere del av eit berekraftig driftssystem, må tilgjengelege arealressursar på innmark og utmark nyttast til matproduksjon og andre livsviktige økosystemtenester. Gjeldande landbrukspolitikk, med mål om stordrift og effektivisering av matproduksjonen, er ei sterkare drivkraft enn dei tiltaka som er sett inn for å bremse og motverke at tungdrivne areal går ut av bruk i verdsarvområda. Den lokale turist- og reiselivsnæringa kan også hamne i noko av same marginaliserte situasjonen som landbruksnæringa fordi dei ikkje lenger er dei mest sentrale aktørane. Eksterne aktørar representert ved cruiseindustri, turbussar og storskala reisearrangørar er ofte i enda større grad premissleverandørar. Det trengs ei heilskapleg tilnærming for å løyse utfordringane. Ein prosess som forskyv maktbalansen frå eksterne aktørar innan masseturisme og i retning lokalt næringsliv og verdiskaping og som inkluderer innbyggjarane, krev nytenking, utvikling av nye forretningsmodellar og evne til gjennomføring gjennom demokratiske planprosessar. Av ulike konkrete verkemiddel som kan prøvast ut, men da helst som element i ein større endringsprosess, vil vi peike på særskilde landbrukspolitiske verkemiddel i retning sveitsisk modell, turistskatt, anna betaling for fellesgode og bygdeutviklingsprosjekt som kan gi auka tilflytting og ny næringsaktivitet. Dialog og partnarskapsbygging kan fremme ansvarleg medverknad. Forskingsbehova for verdsarvområda og tilsvarande område med store og unytta ressursar i utmarka er mange, og arbeidsgruppa si vurdering er summert og konkretisert i denne rapporten.
Tipo:  Report
Idioma:  no
Identificador:  http://orgprints.org/36300/1/NORS%C3%98K%20RAPPORT%208%202018%20Berkraftig%20verdiskaping%20i%20verdsarvomr%C3%A5de%20web.pdf

Sørheim, Kristin; Barstad, Johan; Bergslid, Ildri (Rose) Kristine; Fet, Annik Magerholm; Flø, Bjørn Egil; Lande, Unni Støbet; Solemdal, Liv; Steinshamn, Håvard and Velle, Liv Guri (2019) Bærekraftig verdiskaping i verdsarvområde. NORSØK Rapport, no. Vol 4 Nr 8. Norwegian centre of organic agriculture, Tingvoll, Norway.

urn:ISBN:978-82-8202-089-3
Editor:  Norwegian centre of organic agriculture
Relação:  http://orgprints.org/36300/
Formato:  application/pdf
Fechar
 

Empresa Brasileira de Pesquisa Agropecuária - Embrapa
Todos os direitos reservados, conforme Lei n° 9.610
Política de Privacidade
Área restrita

Embrapa
Parque Estação Biológica - PqEB s/n°
Brasília, DF - Brasil - CEP 70770-901
Fone: (61) 3448-4433 - Fax: (61) 3448-4890 / 3448-4891 SAC: https://www.embrapa.br/fale-conosco

Valid HTML 4.01 Transitional